Atomic Energy Research Establishment

Atomic Energy Research Establishment

Kart
Atomic Energy Research Establishment
51°34′59″N 1°18′19″W / 51.583043°N 1.305141°W / 51.583043; -1.305141

Atomic Energy Research Establishment (AERE), er eit forskings- og treningssenter ved Harwell i Oxfordshire i Storbritannia, som opphavleg var eit sentrum for utvikling av kjerneenergi.

Senteret vart skipa i 1946.[1] Den første forskingsreaktoren i Storbritannia, GLEEP, vart sett i drift her i 1947 og var i bruk heilt fram til 1990. Forskinga er no hovudsakleg innan materialteknologi, instrumentering, prosesskontroll, strålevern og datahandsaming. Det blir dessutan drive produksjon av radioisotopar. I 2007 vart eit nytt anlegg for synkrotronstråling, The Diamond Light Source, opna.

  1. «History», Harwell Campus (på engelsk), henta 5. oktober 2024 

Developed by StudentB